Sider

tirsdag 16. april 2013

Keep calm and knit on

Ei av syforeninga sine medlemmar feira sin fyrste 29 årsdag i forrige veke. I den anledning fekk ho denne posen til å ha strikketøyet sitt i.


Sjablonen til motivet lagde eg ved hjelp av Silhouetten min og stencil vinyl, før eg trykte motivet med tekstilmaling frå Stoff og Stil. Dette var min fyrste gong med stofftrykk, og til tross for litt forbedringspotensial vart resultatet godkjent!


Og når mottakaren vert glade for gåva, er alle glade ;)


lørdag 6. april 2013

Bambi

Ny pute med Bambimotiv til barnerommet! Eg har juksa litt og kjøpt putetrekket på IKEA, men Bambi har eg sydd på sjølv. Eg brukte Silhouetten min til å skjera ut figuren før eg sydde den på puta. Det var fyrste gongen eg prøvde å skjera ut figurar i stoff på Silhouetten, men sidan det gjekk så bra vert det nok ikkje siste gongen...


Den runde puta med lilla knapp er kjøpt på Kremmerhuset.




Vinn "Handmade"

Ei ny bok med dei beste syoppskriftene frå ulike bloggar er rett rundt hjørna, og den kan du vinna!


fredag 5. april 2013

Vimplar


Eg har hengt med på vimpelbølgja, det er jo så dekorativt! Frøkna blir 2 år om kort tid, så då reknar eg med at desse kan vera ein del av pynten i stova. Intill vidare heng dei på den ganske så tomme lilla veggen på rommet hennar.


For å lage ei slik vimpelrekkje treng du litt diverste stoffrestar i fine fargar og skråbånd. Slik gjer du:

  1. Teikn og klypp ut ein mal i f.eks litt papp
  2. Skjær eller klypp ut alle stoffbitane
  3. Legg stoff bitane med retta mot retta, og sy rettsaum 0.5 - 1 cm frå kanten. Ikkje sy langs toppkanten
  4. Vreng bitane og stryk dei
  5. Reinskjer toppen slik at den vert heilt rett
  6. Brett skråbåndet dobbelt og stikk vimplane inni ein etter ein etter kvart som du syr dei fast



Stoffa mine er kjøpte på Stoff og Stil og IKEA.


Jenterommet tek form!


torsdag 4. april 2013

Puff Daddy's Baby

Frøkna sitt rom i det nye huset byrjar omsoder å ta form. Me har måla den eine veggen lilla og det vart med ein gong eit mykje koslegare rom. Eg har fleire håndarbeidsprosjekt på lista mi til dette rommet, det er så morro å ordna til barnerom! Noko som allerede er på plass er denne puffen.


Oppskrifta er frå Pickles, og eg har gjort som Strikkeprinsessa og brukt Drops Eskimo. Puffen er strikka på pinne nr 10 og den er fylt med ei billig dundyne frå Jysk.


Puffen fall i smak hjå Frøkna sjølv også, men den er akkurat litt for stor slik at det er litt vanskeleg for ho å setja seg ned på den endå,

onsdag 3. april 2013

DIY - Oppslagstavle


Det var lenge sidan! Sidan sist har me flytta frå 3-roms til rekkehus og det er fantastisk å ha bedre plass.  Eg har til og med fått innreda mitt eige syloft :) Der skal eg få det mykje morro!

I eit større hus er det mykje småtteri som kan lagast til dei ulike romma, fyrst ut her på bloggen er denne oppslagstavla som no heng på kjøkenet. Den er laga av ei korktavle og stoff frå IKEA, litt platevatt og eit dekorband frå Panduro. 



Både platevatt, stoff og dekorband er festa på baksida med stifter. 


Med innebygd kjøleskåp mista me mogelegheita til å henge opp hugselappar og barnehageplanar med magnetar, så no skal det endeleg bli full oversikt igjen!

mandag 5. november 2012

Gensar

Frøkna i huset er byrja å bli ivrig på potta, så då er det tungvint med heile pysjar. Difor har me kjøpt eit par todelte pysjar. I helga ville eg prøva meg på å sy ein liknande sjølv.

Eg fann mønster på genser med raglanermer, og sette i gang. Halsåpningen komponerte eg sjølv etter ein av dei kjøpte pysjane me hadde. Gensaren er sydd i jersey og velour frå Stoff og Stil.


Eg har berre vanleg symaskin og då er det jo litt knotete å kante, men eg syns resultatet vart brukandes likevel. 


Nesten så gensaren vart for fin til å bruke til pysj... ;)