Sider

lørdag 31. desember 2011

Fana body

Niesa mi fek også heimestrikka gåve i år! Ein body med Fanamønster strikka babyull frå Sandnes Garn:



fredag 30. desember 2011

Lynet McQueen

Denne buksa fekk nevøen min til jul! Med Lynet McQueen på rompa er det morro å kle på seg ull :)


tirsdag 29. november 2011

Scrapbooking

... med min nye Silhouette Cameo :) MORRO!!!




- Posted using BlogPress from my iPhone

mandag 14. november 2011

Hello Kitty

Då er eg heilt ferdig med buksa, det blei ei Hello Kitty bukse :)

Foran

Bak

søndag 13. november 2011

Strikkebukse

Då er mi fyrste strikkebukse ferdig strikka! Det står berre att litt dekorasjon på buksebaken ;)
Buksa er julegåve til ei lita jente på 1 år. Håpar den passar og fell i smak :)






- Posted using BlogPress from my iPhone

tirsdag 23. august 2011

Enda en lilla kjole..

Med mamma på besøk forrige veke, blei nye ting testa ut på symaskina. Stramminga i livet og på ermene er sydd med elastisk undertråd, noko som ga eit veldig fint resultat.



Mønsteret er henta fra boken "Børnetøj 0-3 år" av Hanne Meedom, ei veldig fin bok som eg nok kjem til å skaffa meg etterkvart!

lørdag 2. juli 2011

Spencer kjole

Blei nesten ferdig med kjolen i kveld. Det står berre att å leggja den opp, men det utset eg til i morgon så eg ikkje gjer noko feil!

Eg fikk testa ut både å laga knappehol og å sy i knappar med symaskina for fyrste gong i dag, og det gjekk i grunn ganske bra! Kantinga med skråband var litt knotete, og det blei ikkje heilt jamnt, men øvelse gjer vel meistar?







Mønster: Gynter og Solberg, Børnetøj du selv kan sy 0-4 år
Stoff: Stoff og Stil

Kjolen er i str 1 år sidan det var minste str i oppskrifta. Eg teinkte det var greitt å sy etter mønster fyrst, og så heller prøva å forminska neste gong!


- Posted using BlogPress from my iPhone

torsdag 30. juni 2011

Stoff bestilt

Under er ein smakebit av stoffa eg akkurat har bestilt fra Stoff & Stil. Dei skal brukes til å sy bl.a. gardiner til barnerommet :)






torsdag 2. juni 2011

Kunst til barnerommet

Etter nokre timar framføre macen fikk eg i går laga dette bildet til å ha på barnerommet.  Det er litt mindre styr å lage noko på dataen enn å ta fram symaskinen merkar eg no med jr på plass i huset!


mandag 21. februar 2011

Min fyrste body

Det vart noko rart i knappinga mellom beina, så mønsteret må nok justerast til neste eksemplar! Men kantinga gjekk overraskende bra :)








- Posted using BlogPress from my iPhone

søndag 20. februar 2011

Ferdig med kjolen





Manglar berre ein knapp i nakken, men eg har litt tid på meg sidan kjolen er i str 6 mnd ;)


- Posted using BlogPress from my iPhone

Endå eit dynetrekk til Vesla

Denne gangen lys, lys rosa med kvite elefantar. Alle dynetrekka er sydde av stoff fra Stoff & Stil.












- Posted using BlogPress from my iPhone

lørdag 19. februar 2011

Dynetrekk

Det er reine Fredriksons fabrikk her i dag. Eg syr dynetrekk og Elisabeth syr gardiner :)








- Posted using BlogPress from my iPhone

søndag 6. februar 2011

Ferdig med å sy saman rutene. No gjenstår ein lilla kant rundt, platevatt og lilla bakside. Håper Vesla vil lika å liggja på det når ho kommer :)
Bildet er teke med telefonen min, og fargene stemmer difor ikkje heilt..
I mangel på syrom må eg bruka kjøkenbordet, og sysakene er no pakka sammen, blir nok ikkje noko meir sying før til helga att!





- Posted using BlogPress from my iPhone

Klart til å syast saman





- Posted using BlogPress from my iPhone

lørdag 5. februar 2011

Lappeteppe

Kjøpte stoff til lappeteppe i dag, og har såvidt starta å kutta opp bitane. Det er ganske mykje jobb!




- Posted using BlogPress from my iPhone

Under produksjon...



Kjole i lilla babyfløyel med kvite hjarte. Grønt bommulsfor med kvite prikkar. Beigge stoffa er fra Stoff og Stil!


- Posted using BlogPress from my iPhone

lørdag 22. januar 2011

Stjernesmekke






- Posted using BlogPress from my iPhone

søndag 16. januar 2011

Apelue






Apesmekke

Då har eg prøvd å laga ei slik smekke som ser litt ut som eit halstørkle. Det var litt vanskeleg å vita kor myke større framsida skulle vera enn baksida, men resultatet var OK nok. Eg tykkjer trykknappene frå stoff og stil var litt vanskelege å åpna opp att og ein må difor vera veldig forsiktig så ikkje stoffet rundt går i stykker.. Er det nokon som har nokre gode tips?





Rosa jersey med apekattar er frå Stoff og Stil, medan rosa interlock på baksiden er frå CeTho Design.

lørdag 15. januar 2011

torsdag 6. januar 2011

Bukse til Jr

I dag har eg sydd mi fyrste bukse! Lagde mønster av ei bukse frå Cubus, men eg får jo ikkje sjekka passforma før i Mai ein gong...


Stoffa er også denne gangen frå Stoff og Stil.