Sider

mandag 5. november 2012

Gensar

Frøkna i huset er byrja å bli ivrig på potta, så då er det tungvint med heile pysjar. Difor har me kjøpt eit par todelte pysjar. I helga ville eg prøva meg på å sy ein liknande sjølv.

Eg fann mønster på genser med raglanermer, og sette i gang. Halsåpningen komponerte eg sjølv etter ein av dei kjøpte pysjane me hadde. Gensaren er sydd i jersey og velour frå Stoff og Stil.


Eg har berre vanleg symaskin og då er det jo litt knotete å kante, men eg syns resultatet vart brukandes likevel. 


Nesten så gensaren vart for fin til å bruke til pysj... ;)

søndag 28. oktober 2012

Eit lite tips!

Slitte ullsokkar kan enkelt reparerast, du treng berre litt ull og nålefilting-nåler! Eg kjøpte både ull og utstyr på Panduro, men det kan du nok få tak i fleire plassar.

Slik gjer du:

1. Utangspunktet. Sokk med hol på under tåa

2. Vreng sokken og legg litt ull på plassen som skal reparerast

3. Stikk opp og ned med nåla til ulla har festa seg

4. Vreng sokken med retta ut, og gjer det same frå utsida. Ferdig!




onsdag 24. oktober 2012

Ooga Booga

Mi gamle Lee-bukse og litt nytt stoff vart i helga til ei dongeribukse til ein liten gut. Mønsteret er nok ein gong henta frå Hanne Meedom si bok.

Det er fyrste gong eg syr det buksemønsteret og eg syns den vart veldig høg i livet, så neste gong trur eg eg skal gjere litt om på det. Er det andre som har samme erfaring med mønsteret frå den boka?



I tillegg sydde eg ei matchande siklesmekke. Slik match er kjekt syns eg!

Ribben er frå Stoff og Stil, og det kule Ooga Booga stoffet kjøpte eg frå Print Knit Studio for ei tid tilbake.




tirsdag 9. oktober 2012

Dukketeppe

Frøkna skal få dukkeseng til jul tenkte eg. Eg siklar på denne frå Smallstuff, den er så fiiin! Desverre er den veldig dyr, men eg kan jo spare litt på tilbehøyret... Det er jo veldig enkelt å strikke tepper og sy sengetrekk. Klær til dukka kan jo også strikkast eller heklast.

Eg har allerede strikka sengeteppe til dukkesenga. Det er strikka i Drops Safran. I grunnen alt for fint garn til denne bruken, men eg fann det med 40% rabatt på nettet ;)


mandag 8. oktober 2012

Ullkjole

I helga pakka eg med meg ein kasse med stoff og symaskina og reiste på besøk til ei veninne. Kjekt med sosial sying :) Innimellom skravlinga fekk me sydd litt forskjellig; luer, bukse og delar av ein ullkjole.

Ullkjolen gjorde eg ferdig når eg kom heim og fekk målt den opp mot ein kjole som eg veit passar på frøkna. Det er nokre skjønnheitsfeil, og absolutt rom for forbedringar, men til å vera første test er eg nøgd. Her er i alle fall resultatet:


Mønster: Mørnetøj 0-3 år - Meedom
Stoff: Ullfilt frå Stoff og Stil


søndag 7. oktober 2012

Petrajakke

Endeleg vart eg ferdig med Petrajakka. Den er strikka på tjukke pinnar, så det er ikkje arbeidsmengda som har teke tid. Den halvferdige jakka havna nemleg plutseleg på botn av strikkekorga, og når den vart teken fram igjen etter lang strikka eg feil og måtte rekke opp ein heil del.. Men det var bra til slutt!


Oppskrifta er frå Pickles, og den er strikka i str 2 år. Passa supert på frøkna her i huset som er 17 mnd! Eg har brukt garnet dei anbefallar i oppskrifta, Abuelita Tjukk Merino og Abuelita Tjukk Merino Multi. Kjekt å prøva litt nye typar garn :)


Fargerike knappar!

søndag 2. september 2012

Tova vottar

Det var tilbud på tjukt ullgarn på Obs! denne veka, så i går vart det nokre nøster med heim i handleposane. Planen var å strikka tova vottar til prinsessa. Eg leitte på nettet etter oppskrifter, men sidan eg ikkje fann noko mønster med så tjukke pinnar og så tjukt garn som eg hadde, måtte eg improvisera litt.

No er vottane er akkurat ferdig tova i vaskemaskina, og det ser ut som om eg har truffe ganske bra med størrelsen. Men det blir spennande å sjå når prinsessa våknar i morgon. Garnet eg brukte til desse vottane er Cortina soft frå Gjerstal.


mandag 20. august 2012

Luer

Barnehagejenta trengde fleire luer, og då syr så klart mamma! Så i kveld vart det ei apelue og ei blomsterlue. Takk til FargeBarn for fin veiledning :)


fredag 17. august 2012

Bursdagskort

Gensaren og pannebånda får fylgje av dette kortet:


Formene er sjølvsagt kutta ut på Silhouetten min :)

tirsdag 14. august 2012

Sjiraffgensar

Kvardagen er godt i gong etter ferien, og håndarbeidslysta har vore stor her i det siste. Eg har fleire småprosjekt på gong, og i går sydde eg denne gensaren. Den blir også gitt i gåve til 2-åringen som også skal få nokre av pannebånda frå forrige innlegg. Håpar det passar!


Mønsteret er henta frå boka Bønetøj 0-3 år av Hanne Meedom.

søndag 12. august 2012

Pannebånd

Neste helg skal Frøkna her i 2-årsdag, og då må mor tenkja på gåva. Bursdagsbarnet skal byrja i barnehagen no i desse dagar, så då tenkte eg at nokre pannebånd burde passe bra :)

Det er fyrste gong eg syr pannebånd, og eg vart ganske fornøydd, litt forbedringspotensiale er det alltids, men det vart absolutt godkjende. Takk til Gekko for fin forklaring på korleis det skulle gjerast.


mandag 30. juli 2012

Tjukkelabba

Eg har stikka mitt første par med sokkar! Den heldige var eittåringen i huset som straks skal byrja i barnehagen. Då eg var heime på ferie hadde dei fått inn eit nytt sokkegarn på den lokale strikkebutikken, det var så fine fargar på garnet at eg berre måtte ha eit nøste. Garnet heiter Austermann Step 6, og skal visstnok innehalda både aloe vera og jojoba olje.


Eg må nok takka Petunia for den fine oppskrifta på bloggen hennar!

søndag 29. juli 2012

Terning

Det er jo så in med ulike hekla leiker for tida, men mange av desse er desverre rimeleg dyre. Då er det kjekt å kunne laga dei sjølv av bomullsgarn og litt vatt!


Denne terningen skal bli ein del av ei barselgåva, men eg reknar med at også frøkna her i huset kjem til å få nokre slike på rommet sitt!


torsdag 10. mai 2012

Papirleik

Altfor lenge sidan sist. Eit hektisk liv som småbarnsmamma og ein lei senebetennelse i tommelen får ta litt av skulda, men eg håpar på meir tid til håndarbeid framover..

For vel ein månad sidan vart syforeninga utvida med endå eit juniormedlem. Dette er nr to der i gården så dei har allerede fått eit hekleteppe av syforeninga, difor fekk dei andre gåver denne gongen. Eg benytta sjangsen til å få leike litt med Silhouetta :) Det vart dermed ei tall-tavle på den vesle guten!



mandag 5. mars 2012

Petrajakke

I helga fekk eg nydeleg garn frå Pickles i posten og det skal bli til ei Petrajakke! Garnet er Abuelita Tjukk Merino, så det vert nok ei varm og god jakke til neste haust/vinter. Jakka har nokre artige detaljar som perlestrikk, lommer og flammegarn og fargerike knappar.


søndag 26. februar 2012

Strikkeblogger.no

Då har eg også hengt meg på den nye "farsotten", og meldt meg inn i Strikkeblogger.no. Eit kjempebra initiativ som gjer det lettare å finna fram i strikkebloggjungelen ;)


Strikkeblogger


Bli med du også!

lørdag 4. februar 2012

Bestemorteppe

Syforeninga har som tradisjon å hekle lappetepper når nokon av oss får baby. Her er eit dårleg bilete av dei siste teppe me laga til vesle Brage. Her må eg altså dela æra med 6 andre flinke damer :)


fredag 3. februar 2012

Pute til TrippTrappen

Vesla har no flytta på eige soverom, og då benytta eg sjansen til å innreia ein hobbykrok i det hjørna av soverommet vårt der senga hennar stod. Slik må det bli når ein har ein 3 roms leilegheit! Hobbyrom er på MÅ-HA-lista i eit framtidig hus... Eg sendte husbonden på IKEA i forgårs for å kjøpe eit par Billy hyller og eit heilt enkelt skrivebord, så no kan både Janomine og Silhouetta stå framme, klare til bruk :) Det er fantastisk å sleppe å fylle kjøkenbordet med rot for å sy eller scrappe!

No søv vesla og eg har akkurat sydd ei pute til TrippTrappen hennar. Eg delte ei IKEA-pute i to og sydde heilt einkelt trekk til den eine halvdelen av eit bomullstoff frå Stoff og Stil. Det kan hende eg må sy hemper i den om den ikkje vill ligga i ro når frøkna skal sitte på den å ete..




onsdag 1. februar 2012






Desse låg i postkassen min i dag :) Då er det bare å bla og finna inspirasjon!

søndag 15. januar 2012

Brage

Syforeninga fikk eit nytt jr medlem i desember, og som vanleg har me hekla lappeteppe til den lille (dette har eg desverre ikkje bilde av for øyeblikket i alle fall..). Denne gongen tok eg på meg å laga kort :)


torsdag 12. januar 2012

Happy birthday

Eg var i bursdag til to veninner i går og då måtte eg jo bruke Silhouetten til å lage bursdagskort :) Det er ikkje noko hokus pokus med nokon av desse korta, berre klypp og lim av papir, men med ei lita jente susande rundt på golvet her tok det likevel store delar av dagen!